Forteljinga om Mære 2021 
(Tekstforfatter Bodil Østerås)  
I 2021 er det tusen år sidan overfallet på Mære. Olav Haraldssons brutale oppgjer med norrøn religion og regional høvdingmakt i 1021, har blitt ståande som eit av merkeåra for  kristninga av Noreg og for etableringa av det norske riket. Samtidig vart drapet på den mektige Olve på Egge ein sentral del av opptakta til slaget på Stiklestad. 
 
Hendinga i 1021 starta da Olav Haraldsson fekk høyre at Olve på Egge, høvdingane sin leiar i Trøndelag, stelte i stand til blot på Mære ved vårjamdøgn. Blot var ein norrøn skikk som Olav ikkje ville tillate i det kristne kongedøme sitt. At Olve likevel følgde den gamle skikken, vart sett på som eit religiøst og maktpolitisk opprør med ein tydeleg bodskap: dei trønderske høvdingane let seg ikkje diktere av kongen. For kongen vart blotet ei anledning til å ta eit symboltungt oppgjer med dei som motsette seg styre hans på eit av dei viktigaste religiøse sentra i Trøndelag.

Olav sat på Lade og fekk samla fleire skip for å legg til innover fjorden. Da kongshæren kom til Mære, vart bøndene overrumpla medan dei sov. Olve vart tatt av dage, og kongen befalte bøndene å bygge kyrkje på staden. Frå no av skulle alt folket i Trøndelag vere døypt og kristna. Sjølv om kongens siger var stor, skulle den vise seg å vera dyrkjøpt: ut av blotet på Mære i 1021 vaks ein motstand som vart avgjerande for Olavs fall i 1030.  

Mære har vore eit maktsenter i over 1000 år. Sjølv om den sikre kunnskapen er liten, syner både arkeologiske utgravingar og historiske kjelder at her har folk vore samla til religiøse ritual lenge før hendingane i 1021. Med bygginga av kyrkje skulle denne tradisjonen fortsette, heilt fram til vår eiga tid. Jubileet i 2021 er difor ei unik sjanse til å dykke ned i ein meir enn tusenårig tradisjon knytt til store spørsmål om makt og symbol, religion og tru, kulturelle endringar og identitet, og i forlenginga av det: dei mange forteljingane i samfunnet.  

Se jubileumsfilmen:

Jubileumsplattformen 2030

 
Program

Aktivitet
 
Dato                           
Gaidinger Mære kirke
Ta kontakt med Egge museum på tlf. 74 13 44 90 eller post@eggemuseum.no
Hele 2021
Salmekveld i Mære Kirke kl. 19.00 07.03.
Sigrid på Egge og damene i historien/ Webinar 
Anne Irene Myhr fra Sparbu Bygdekvinnelag i samtale med Bodil Østerås, fagleder, forvaltning og konservator for SNK
08.03
Folkeverksted og tegneaktiviteter for barn om vikinger på biblioteket kl. 12.00-15.00 08.05
Lesestund om vikinger på biblioteket kl. 12.00-13.00 07.05
Skilting toppturer  
"Olavsflammen" fra Stiklestad til Mære
Før gudstjenesten kommer vikinger ridende langs gamle kongeveg med "Olavsflammen" fra Stiklestad. Høytidlig overrekkelse  
som markering av forbindelsene mellom Mære 1021 og Stiklestad 1030.
23.05
Mærehistorien - DKS formidling til 7.klassetrinn 25.-28.05.
Mære 2021 - Jubileumshelg 22.-23.05.
Bagabu UL, les Snorre Sturlason. Noregs kongesoger fra perm til perm. Vekreshaugen 18.-20.06
Olavsflammen til Egge 20.06.

Steinkjerfestivalen utstilling

"Blotet på Mære" Utstilling 24. - 27. juni i Steinkjer kirke.  kl. 10.00 - 17.00. Gratis

24.-26.06.
Bondehærens fotspor under Olsok 29.07.
Foredrag på Stiklestad - "Et feminint syn på historien" 29.07.
Vikingene på Mære - DKS formidling til 1.klassene  23.08-05.09.
Mæreseminar - Merete Røskaft og Geir Grønnesby 14.09.
Konsert - Hymne til Mære i Steinkjer kirke utsatt inntil videre
Mæreseminar - Lars Forseth og Bodil Østerås 28.09.
Bokbad med Jan Ove Ekeberg.   30.09
Høstutstilling Egge museum. 1. klassetrinn. Tema Mære/vikingtid. 09.-17.10.
Mæreseminar - Øystein Ekroll og Helle Vangen Stuedal 12.10.
Mæreseminar - Margrethe Stang, Helle Vangen Stuedal og Bodil Østerås  26.10.
Lansering av Mæreboka - bokbad  09.11.
Festgudstjeneste i Mære Kyrkje med biskop mm  21.11.
Utstilling av Vera Henriksen og annen vikinglitteratur hele året

 

Logo Mære 2021Logo