Steinkjer kommune. �pen, lys og glad
Hjem > Tjenester > Alle tjenester A-Å > 
Kulturskolen
Serviceerklæring:
- Steinkjer kommunale kulturskole er ein arena for kulturell glede, utfalding og meistring.
Vi gjev opplæringstilbod i musikk, dans og drama/teater.
Målgruppa er alle i Steinkjer kommune, med hovudvekt på barn og unge ca. 4 – 19 år.

Kulturskolen skal vere :
• Ein stad der elevar og foreldre er trygge og opplever samhald.
• Ein stad som gjev god, personleg vaksenkontakt.
• Ein stad som verdsett elevens mangfald og utviklar elevens potensiale.
• Ein stad der eleven kan oppleve meistring.
• Ein stad der det er lagt til rette for samarbeid mellom og respekt for dei forskjellige kulturfaga.

Dette kan du vente av kulturskolen :
• Undervisning minimum 20 min. per veke, anten som einetimar eller som gruppeundervisning. Undervisninga kan intensiverast ved prosjektarbeid.
• Elevane får tilbod om å delta på minst 2 opptredenar per skoleår.
• Tilbod om foreldresamtale 2 gongar per skoleår.
• Godt kvalifiserte lærarar.
• Tilpassa undervisning innanfor dei rammene kulturskolen rår over.

Dette ventar vi av elevar og føresette :
• At eleven møter til rett tid og vel førebudd til undervisninga. Det skal gjevast beskjed på førehand ved eventuelt fråvær. • At føresette oppmuntrar til og legg til rette for elevens eigenøving og deltaking ved opptredenar.
• Kjøp av noter og nødvendig utstyr etter avtale med lærar.
• At fristar for inn- og utmeldingar og betaling av skolepengar blir halde.
• At føresette og elevar set seg inn i reglene ved kulturskolen (informasjonsbrosjyren)

Søknadsprosedyre :
Vi har hovudopptak med søknadsfrist 15.april, men søknad kan leverast heile året. Elev som har fått plass, har denne plassen til han/ho seier opp plassen skriftleg, innan 15. mai for haustsemesteret, og 15. des. for vårsemesteret. Vi har venteliste på ein del instrument.

Saksbehandlingstid : Inntil ca. 1 mnd.
Klagefrist er 3 veker.
Forankring : Lov om kulturskole under Opplæringslova. Rammeplan for kulturskoler Pris :
Kommunestyret fastset kvart år skolepengeavgifta.
For meir informasjon : Sjå heimeside, www.steinkjer.kulturskole.no. Tlf.: 74169365 Fax: 74140028

Opprettet av: Ingrid Engstrøm Opprettet: 2007-04-13
Tip a friendTips en venn